Brannlogg StordStord kommune
Lastar …
Hendingar siste 100 dagar

Hendingar

Type

Kart

AlvorlegMiddelsMindreAlarm utan brannStore og blinkande: siste 100 dagar

Statistikk

Siste 12 månader

Ved brann

110Ring brannvesenet.
Varsle, redd, sløkk.

Feil eller forslag?

Har du funne ein feil, eller har du eit forslag til korleis sida kan bli betre? Send ein e-post.

Send feil eller forslag
Eller send e-post til brannloggstord@gmail.com

Legg appen på heimeskjermen

iPhone og iPadOpne sida i Safari, trykk på Del (firkanten med pil opp) og vel Legg til på Heim-skjerm.
Android (Chrome)Trykk på ⋮ øvst til høgre og vel Installer appen eller Legg til på startskjermen.
Samsung (Samsung Internet)Trykk på ikonet med ei pil ned i adresselinja om det finst. Elles: trykk på ≡ nede til høgre, vel Legg til side på og så Startskjerm.
WindowsOpne sida i Edge, trykk på ··· → Appar → Installer denne nettstaden som app. Du finn han då i Start-menyen.
Infoskjerm og TVDet finst ein eigen storskjerm-versjon for infoskjermen på brannstasjonen. Lenka får du med admin-kode under Innstillingar → Admin-tilgang.

Oppdatering og kjelder

  • Brannstatistikk (brannstatistikk.no, DSB): hovudkjelda. Her registrerer Stord brann og redning alle oppdraga sine, også små, men utan stad og detaljar. Automatiske brannalarmar og avbrotne utrykkingar er berre med under «Alt».
  • Politiloggen (Politiet, NLOD 2.0) gir stad og kva som skjedde, og kjem ofte først: alle brannar i Stord kommune, og andre hendingar der politiet nemner brannvesenet eller nødetatane, som trafikkulykker, ulykker på sjøen og utslepp.
  • Nyheitssaker frå mellom anna Radio Haugaland, Sunnhordland, Stord24, NRK og Haugesunds Avis blir funne automatisk og lenka til hendingar frå Politiloggen og brannstatistikken. Nyheiter blir aldri eigne hendingar. Ein sjeldan gong kan ei lenke vere feil.
  • Skogbrannfare: rekna ut med Fire Weather Index-metoden frå vêrdata frå Open-Meteo.com (CC BY 4.0). Offisielle farevarsel frå Meteorologisk institutt (CC BY 4.0).
  • Kart: kystlinje © OpenStreetMap-bidragsytarar (ODbL), kommunegrense og stadnamn frå Kartverket.

Appen viser berre det politiet har loggført. Oppdrag som berre brannvesenet handterer, som katt i tre, vasslekkasjar og automatiske brannalarmar, kjem sjeldan med. Står det «Nødetatane», har politiet ikkje nemnt brannvesenet direkte. Alvorsgraden er rekna ut frå teksten i loggen og er ikkje ei offisiell vurdering.

Få varsel på mobilen

Få ei melding på telefonen når det skjer noko nytt i Stord. Det er gratis og krev ingen konto.

Du får også ei melding når skogbrannfaren blir høg, eller når Meteorologisk institutt sender ut farevarsel om skogbrann.

  1. Last ned den gratis appen ntfy: App Store (iPhone) · Google Play (Android)
  2. Vel kanal under og trykk Kopier.
  3. Opne ntfy, trykk +, lim inn kanalnamnet og trykk Subscribe. Tillat varsel når telefonen spør.
Alle oppdrag utan alarmarBrannar, trafikkulykker, sjø, dyreoppdrag og liknande. Ikkje automatiske brannalarmar.
brannlogg-stord-fa9d8bb7
Berre brannarBerre når det brenn. Færre meldingar.
brannlogg-stord-fa9d8bb7-brann

Trykkjer du på eit varsel, opnar Brannlogg seg på hendinga. På PC: trykk «Opne på PC», så «Subscribe», og tillat varsel i nettlesaren.

Innstillingar

Språk · LanguageBokmål og engelsk er omsett med KI (Claude). Tekstar frå politiet og media blir ikkje omsette.
FargarFargeblind-vennlege fargar gjer det lettare å skilje alvorlege og middels brannar om du ser dårleg forskjell på raudt og grønt. Alvorlege brannar får òg ein kvit prikk på kartet og striper i dagsoversikta.
Utsjånad«Automatisk» følgjer innstillinga på telefonen eller PC-en.
TekststorleikGjer tekst, knappar og kart større.
RørsleSkru av blinkande og pulserande prikkar om det blir for mykje.
Opne appen medKva lista og statistikken viser når du opnar appen.

Innstillingane blir berre lagra i nettlesaren din, ikkje sende nokon stad.

Admin-tilgangSkriv inn admin-koden for å opne adminpanelet.

Personvern

Sist oppdatert 8. oktober 2026

Kort sagt: Brannlogg Stord har ingen konto, ingen informasjonskapslar (cookies), ingen sporing eller statistikk over brukarar og ingen reklame.

Kven står bak

Brannlogg Stord er ei gratis, privat nettside laga av Leander Wågen Lillerud. Ho er ikkje ein offisiell teneste frå Politiet, brannvesenet eller Stord kommune. Kontakt: brannloggstord@gmail.com.

Kva som blir lagra på eininga di

Innstillingane dine, tidspunktet for den nyaste hendinga du har sett (for «NY»-merket), om du har lukka personvernmeldinga, og ein kopi av sida så ho kan opnast utan nett. Dette ligg berre i nettlesaren din og blir aldri sendt til meg. Sjå Informasjonskapslar.

Teknisk informasjon til andre

  • GitHub (GitHub Pages) driv nettstaden. Som for alle nettstader får dei IP-adressa di og informasjon om nettlesaren når sida blir lasta, til drift og tryggleik.
  • Google Fonts: Skrifttypane blir henta frå Google, som då får IP-adressa di.

Eg får ikkje tilgang til desse opplysningane. Sjå personvernerklæringane til GitHub og Google.

Opplysningar om hendingar

Sida viser offentlege opplysningar frå Politiloggen (Politiet, NLOD 2.0) og brannstatistikk.no (DSB), vêrdata frå MET Norway og Open-Meteo, og lenker til nyheitssaker. Tekstane frå politiet og overskriftene på nyheitssaker kan nemne stader og hendingar. Meiner du at noko på sida gjeld deg og bør rettast eller fjernast, ta kontakt.

Varsel på mobilen

Varsla blir sende gjennom appen ntfy (ntfy.sh). Eg får ikkje vite kven som abonnerer. Sjå personvernerklæringa til ntfy.

E-post

Sender du e-post med feil eller forslag, blir han berre brukt til å svare deg og forbetre sida. E-posten blir lagra i Gmail (Google) og sletta når saka er ferdig.

Rettane dine

Du kan be om innsyn i, retting av eller sletting av opplysningar om deg. Du kan også klage til Datatilsynet (datatilsynet.no).

Endringar

Denne erklæringa kan bli endra. Datoen øvst viser siste endring.

Informasjonskapslar

Sist oppdatert 9. oktober 2026

Brannlogg Stord brukar ikkje informasjonskapslar (cookies), og heller ingen sporings- eller analyseverktøy.

Lokal lagring i nettlesaren

For at funksjonane du sjølv vel skal fungere, lagrar sida litt informasjon i nettlesaren din. Det blir aldri sendt nokon stad.

  • brannlogg_innst: innstillingane dine (språk, fargar, utsjånad, tekststorleik, rørsle og kva appen opnar med).
  • brannlogg_sist_sett: tidspunktet for den nyaste hendinga du har sett, så nye hendingar kan få «NY»-merket.
  • brannlogg_personvern_ok: at du har lukka meldinga om personvern.
  • Lagra kopi (service worker): ein kopi av sida, så ho kan opnast utan nett.

Andre tenester

Sida hentar skrifttypar frå Google Fonts og blir driven av GitHub Pages. Dei kan få teknisk informasjon som IP-adressa di. Sjå Personvern.

Slik slettar du det

Innstillingane kan du setje tilbake under Innstillingar → Tilbakestill. Alt anna slettar du ved å slette nettstaddata for bls.lillerud.com i innstillingane til nettlesaren.

Vilkår for bruk

Sist oppdatert 8. oktober 2026

1. Om tenesta

Brannlogg Stord er ei gratis, privat nettside som samlar offentlege opplysningar om brannar og utrykkingar i Stord kommune. Ho er ikkje ein offisiell teneste frå Politiet, brannvesenet eller Stord kommune.

2. I ein naudsituasjon

Ring 110 (brann), 112 (politi) eller 113 (ambulanse). Bruk aldri Brannlogg til å varsle om ei hending eller til å finne ut om du er i fare.

3. Ingen garanti

Opplysningane blir henta automatisk frå andre kjelder og kan vere forseinka, ufullstendige eller feil. Alvorsgrad, skogbrannfare og fakta er rekna ut automatisk og er ikkje offisielle vurderingar. Sida kan vere nede eller endrast utan varsel.

4. Ansvar

Du brukar sida på eige ansvar. Så langt lova tillèt, har eg ikkje ansvar for tap eller skade som følgjer av bruk av sida.

5. Innhald frå andre

Data kjem frå Politiloggen (Politiet, NLOD 2.0), brannstatistikk.no (DSB), MET Norway og Open-Meteo (CC BY 4.0). Kartet byggjer på data frå © OpenStreetMap-bidragsytarar (ODbL) og Kartverket. Lenker til nyheitssaker går til andre nettstader, og innhaldet der høyrer til dei. Namn og logoar høyrer til eigarane sine.

6. Bruk av sida

Ikkje bruk sida på ein måte som kan skade henne eller andre, til dømes automatisk nedlasting i stor skala.

7. Endringar og lovval

Vilkåra kan bli endra, og datoen øvst viser siste endring. Norsk rett gjeld. Spørsmål: brannloggstord@gmail.com.